EIN SVÆRT TYDELEG SVENSKE

Intervju med Sven Lindqvist i Stockholm i mars 1994.

Trykt i Bok og bibliotek nr. 5-6, 1994

Det er ein svært grå dag med sluddblanda regn på Södermalm i Stockholm. Men forfattaren vi skal møte har svært eksotiske rammer for dei fleste bøkene sine. Han skriv om og Kina, Sør-Amerika, Afghanistan og Afrika. Hos Sven Lindqvist er faktisk ørknar eit gjennomgangstema.

 

Frå den ambisiøse referansebibliotekaren sin ståstad må Sven Lindqvist vere bortimot den ideelle bibliotekbrukaren. Dei fleste av dei kvart hundre bøkene hans er sakprosa, som kvar for seg har kravt mengder av fakta og forsking. Og Lindqvist veit å bruke bibliotek, av alle slag, over heile kloden. I tillegg til bibliotek i Sverige, reiser han med jamne mellomrom til bibliotek i London, Paris, Universitetsbiblioteket i Tübringen, og til amerikanske bibliotek når han er i USA.

- Men skal ein døme etter ein svært entusiastisk artikkel du skreiv i Dagens Nyheter for eit drygt år sidan, har du no blitt nærmast sjølvhjulpen og frigjort deg frå bibliotekarane? Du viser til gleda og nytten du har av det nye "leiketøyet" ditt, CD-ROM-maskina.

- I nær framtid vil det bli heilt vanleg at forfattarar og forskarar har desse nye hjelpemidla i dagleg bruk. Før måtte eg gå til forskingsbibliotek i byen for å få dei til å søkje i databasar. No gjer eg den jobben heime. For forfattarar på mindre stader vil det jo bli endå meir tid å spare.

Men så er det heilt avgjerande at vanlege folk, organisasjonslivet osv. får tilgang til det gjennom folkebiblioteka. Det kan sjå dyrt ut, men bibliotekarane bør setje seg ned og rekne på arealkostnadene og samanlikne. På CD-ROM får du inn 24 hyllemeter tekst pr. plate, det blir 5000 hyllemeter for kvar hyllemeter med CD-ar!

- I 1957 skreiv du ei bok, eit kampskrift, med tittelen "Reklamen är livsfarlig". Men i dag kan ein altså sjå deg smilande på heilsides annonsar i den svenske bibliotekpressa, der du driv reklame for ein slik CD!

- Ja, for dette er viktig! Det handlar om CD-ROM-plata med LIBRIS-katalogen frå 1980-93. I styret ved Kungliga biblioteket slåsst eg for størst mogleg spreiing av denne plata med 600.000 bibliografiske postar og data for kor bøkene finst i 160 bibliotek i Sverige. Men dei har prisa CD-en altfor høgt i dag, faktisk over 4000 kroner, og 2500 for kvar oppdatering. Det finst ikkje grunnlag for at ei plate med denne svenske samkatalogen skal koste noko meir enn ein CD med rockemusikk! Programmet som leitar fram data skal sjølvsagt koste. Men sjølve datagrunnlaget på CD-en lagar dei likevel for on-line-basen. Og kvart eksemplar av plata kostar svært lite å presse. Om dei set ned prisen drastisk, vil opplaget auke, slik at det vil svare seg godt økonomisk.

Sven Lindqvist er ein viktig mann for dei svenske biblioteka. I dag sit han altså i styret for Kungliga biblioteket i Stockholm, det svenske nasjonalbiblioteket. Der er han langtfrå ein sandpåstrøar for forfattarstanden, men ein av dei verkeleg aktive. I tillegg til prisen på CD-en, har han nyleg engasjert seg sterkt mot BIBSAM sitt forslag om å innføre avgifter for fjernlån mellom biblioteka.

- Det viser seg jo at desse avgiftene berre vil utgjere små summar for forskingsbiblioteka. Men dette er først og fremst eit prinsippielt spørsmål. Bøker og tidsskrift innkjøpte med offentlege pengar skal vere tilgjengelege for heile folket. Avgiftene vil først og fremst ramme folkebiblioteka.

- Dei svenske folkebiblioteka har vel store nok problem som dei har?

- Ja, sjølv om kampane mot nedlegging og privatisering av folkebibliotek har gjeve relativt positive resultat. Her i Stockholm måtte kommunen denne veka opne ein filial som har vore nedlagd ei tid. Denne avdelinga blei samtidig den første som fekk det nye datasystemet i hus, nest etter hovdbiblioteket på Sveavägen.

I Författarförbundet har vi truga med boikott mot angrepa på biblioteka, ved å halde tilbake åndsverka våre. Og folk er jo glade i biblioteka sine der dei bur. Vaksne bileigarar kan alltid klare seg på eit vis, men for dei store lesargruppene, ungane og pensjonistane, er det som å rive hjartet ut av kroppen på dei å leggje ned den lokale filialen. Men kommunepolitikarane har i stor grad forstått dette. Dei skal jo stille til val igjen om kort tid.

- Du har skrive artiklar i Dagens Nyheter om ulike bibliotek og bibliotektypar i Stockholmsområdet. Ein av dei mest oppglødde er om ein filial av folkebiblioteket, i bydelen Salem, som stiller ny teknologi til rådvelde for folk flest. I annan samanheng skriv du at folkebiblioteka bør perfeksjonere seg som "folkets forskingssentralar". Er det rett å prioritere dette, når den økonomiske stoda er som no?

- Det er eigentleg enkle og rimelege ting dei har skaffa seg på denne filialen; PC-ar med tekstbehandlingsprogram og annan enkel programvare, ein skrivar, ein CD-ROM-maskin osv. No kan folk i bydelen bruke dette utstyret til å skrive protokollar og informasjon for lokale foreiningar og lag. Og dei har programvare som kan rekne ut skatten eller kostnadene ved årleg bruk av ulike bilmodellar. På ein PC ligg basen "PC-globe", som har statistiske opplysningar om alle land i verda. Her kan "barfotforskarane" finne ut til dømes kven som har flest tannlegar pr. innbyggjar - Kina eller Nigeria. Slikt står i bøkene og, men det ville ta lang tid å finne det fram.

No kjem snart Strindbergs samla verk i fulltekst på CD. Dette vil sjølvsagt ikkje erstatte Strindberg i bokform. Kvar bok av han er eit fullført verk, god å halde i handa når du set deg i sofaen med henne, lett å ta med på bussen og lesbar i dagslys, utan elektrisitet og apparatur. Men mange som spør etter Strindberg treng eigentleg ikkje å låne med seg bøkene. Dei kan vere ute etter eit sitat eller spør om Strindberg nokon gong skreiv om dette eller hitt. Når kvart ord er søkbart, er dette enkelt å svare på. Når ein skal utforske og arbeide med ei tekst, er CD-ROM langt meir brukbar enn boka.

Samtidig som folk har direkte tilgang til den lokale litteraturen, får dei på CD-en oversikt over mengdar av kunnskap som finst andre stader, og som filialen kan skaffe ved fjernlån. Om folkebiblioteka skal vidareutvikle rolla som folkets forskningssentralar, må dei ha den raskaste, enklaste og mest morosame måtane å skaffe seg kunnskap på. I biblioteka skal folk kunne lære seg å bruke den nye teknologien, slik eg sjølv har gjort.

- Omsynet til demokratiet er og det sterkaste argumentet mot å bryte gratisprinsippet. Når det ikkje er avgift for å røyste ved val i dette landet, skal det ikkje vere avgift på dei tidlegare ledda i prosessen med å utøve demokrati, blant anna å skaffe seg den informasjonen som skal til for å skaffe seg grunnlag for å ta stilling!

Og frå eit økonomisk synspunkt er det vettlaust å ta betaling for bibliotektenester. Det går eit klart skilje mellom varer og tenester. Brød og smør skal ein betale for. Det er ei vare som ein bruker opp, til skilnad frå tenester, som til dømes å bruke ein park eller eit bibliotek eller offentlege informasjonstenester. Jo fleire som går i parken eller bruker biblioteket, jo betre er det samfunnsøkonomisk sett! Samfunnet skal fremje mest mogleg bruk av slike tenester.

- På søttitalet valde mange bibliotekaryrket ikkje først og fremst utfrå litteraturinteresse, men utfrå det ein kan kalle folkebiblioteka sin "demokratiske dimensjon". Boka di frå 1978, "Grav der du står", med undertittelen på svensk; "Att utforska ett jobb", slog an den same tonen og blei nærmast ei kultbok for radikale bibliotekarar.

- Ho bygde på ein gamal ide eg hadde fått under eit opphald i Kina. Vanlege folk skulle utforske si eiga historie, i den enkelte verksemda og det enkelte lokalsamfunnet. Det kom i gong mange "gräv-där-du-står-grupper" i Sverige. Her var folkebiblioteket det sjølvsagte utgangspunktet for slikt arbeid.

- Den teknologiske utviklinga har gjeve oss alternativ til dei manuelle metodane frå -78. Det kunne vore på tide med ei ny utgåve av denne boka, som tok opp i seg databasesøking?

- Dei siste åra har det kome fleire andre bøker om kunnskapssøking, så det får halde. Ved bibliotekfilialen i Salem, viser det seg at både gamle og unge fattar både metodane og potensialet ved den nye teknologien ganske raskt. Men mange vil framleis trenge hjelp. I denne situasjonen blir folkebiblioteka nødvendige for at demokratiet skal fungere. Det er viktig å finne det rette statistiske materialet, den rette føresegna osv.

Dette er særleg viktig, når styresmaktene no viser ein tendens til å gje oss stadig mindre tid til å setje oss inn i spørsmåla. Til dømes har regjeringa no lagt fram eit forslag til eit nytt system for pensjonane. Høyringa av denne utgreiinga på 1000 skal gå unna på sju veker. Fleirtalet i Riksdagen tar altså sjansen på å sjå bort frå grunnlova, som krev ei høyringstid på minimum 3 månader. Dette blir ei hovudsak i demonstrasjonen på kvinnedagen 8. mars. Dette blir eit endå større problem om vi skal inn i EU.

Vi sa i innleiinga at Sven Lindqvist er den ideelle bibliotekbrukaren. Men han er eit stort problem for bibliotekarane når dei skal forsøke å gjere bøkene hans tilgjengelege. Ved eit besøk på Stockholms stadsbibliotek konstaterte vi at det ikkje er lett å plassere bøkene hans i klassifikasjonssystemet. .....

- Heime har eg hatt ein diskusjon i det lokale biblioteket mitt om kvifor "Utrydd hver eneste jævel" står under litteraturhistorie og ikkje under til dømes rasisme.

- I eit bibliotek fann eg boka mi "Jord och makt i Sydamerika" i avdelinga for jordbrukslære! Eg er einig i at folk sjølvsagt burde kunne finne "Utrydd hver eneste jævel" når dei leitar på rasisme, kolonialisme osv. Men plasseringa på hylla blir mindre viktig no som datasystema gjer det langt lettare å finne fram på kryss og tvers i samlingane.

Men "Utrydd hver eneste jævel" har jo eit klart utgangspunkt i skjønnlitteraturen, i romanen "Heart of Darkness" av Joseph Conrad. Det finst ei litteraturhistorisk gåte her: Korleis kunne det sterkaste angrepet på imperialismen på den tida kome frå ein konservativ sjøkaptein? Olof Lagerkrantz spør i "Reise med Mørkets hjerte" om ikkje "Heart of Darkness" var ein roman som var klokare enn forfattaren sin. Eg trudde ikkje heilt på denne forklaringa, og ville studere kva som eigentleg skjedde i Afrika i kolonitida. Eg ville sjå kva imperialismen innebar.

- Håkan Arvidsson i Sydsvenska Dagbladet meiner du er altfor pessimistisk på vegner av den europeiske kulturen i denne boka. Han peikar på at Joseph Conrad sjølv såg på den europeiske sivilisasjonen som eit framsteg.

- Tittelen og utgangspunktet for boka mi er eit sitat frå hovudpersonen i Conrads roman, ein elfenbeinsoppkjøpar ved Kongoelva for over hundre år sidan. Det er rett at Europa sjølvsagt er mykje anna enn dette. Å seie noko anna ville vere like urettvist som å døme USA berre som imperialistmakt. For USA er og humanismens kontinent. Men sett frå sør stod faktisk europearane for ei konsekvent utbytting. Dei trengde ukritisk unna alt som var i vegen for dei over heile kloden, berre det kunne tene Europas folk. Vi må ikkje gløyme dette.

- Du fekk den svenske bibliotekarprisen for denne boka og var innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Sjølv om ein av bokmeldarane meiner du kjem med lite nytt, er det vel slik at kvar generasjon treng kvar si påminning om desse hendingane? For å ta ein aktuell parallell: For snart ti år sidan fekk vi Claude Lanzmanns store Holocaust-film "Shoah". I dag er Speilberg premiereklar med "Schindlers liste" om same tema.

Sven Lindqvist går ikkje god for at han har slike ambisjonar med forfattarskapen sin. Frå og med den første boka "Ett förslag" i 1955 er det essayet han har vore oppteken med å gjenreise i den svenske litteraturen. Bøkene hans har ofte ei særeigen blanding av sjølvbiografi og dokumentar, frå eitt ytterpunkt i dei svært intime sjølvbiografiske skildringane i "En elskares dagbok" og "En gift mans dagbok" - til "Grav der du står", der han bruker utforskinga av den tidlegare arbeidsplassen til faren ved ein sementfabrikk som illustrasjon til ein generell medtode.

- Er det rett som nokre meiner at tida har gått frå folkeopplysningsideen?

- Den svenske "folkbildningen" gjekk ut på at arbeidarar og bønder skulle kunne ta inn på middelklassen når det gjaldt formell utdanning. I dag er skolegangen betre fordelt, og folkeopplysninga har fått eit nytt innhald. No er det overføringa av tradisjonar og praktiske kunnskaper som har teke over. Slike ting som skjedde i familien før. Men det er viktig å halde på dette. Vi er nesten aleine om det her i Norden. Likevel tek kvar femte innbyggjar i Tyskland del i studiesirklar kvar vinter.

Men denne verksemda kunne nå endå fleire. Eg tenkjer særleg på dei arbeidslause. Arbeidsløysa er i dag eit nederlag både individuelt og for heile samfunnet. Om ein la forholda til rette, kunne mange ledige gjere denne i utgangspunktet negative perioden i livet til eit positivt vendepunkt. Folk som har vore i einsformig, uinteressant arbeid, kunne bruke den ledige tida til å tenkje, lese og lære ting dei elles ikkje fekk tid til.

Eg er ikkje sikker på denne påstanden om to-tredel-samfunnet. Eg veit ikkje om det verkeleg er slik at skilnadene er så klare mellom dei "sterke" og "svake" i denne brøken. Men nokon bør forske på dette.

Styresmaktene konsentrerer seg om formell omskolering av arbeidsledige til andre yrke, der det framleis er behov for arbeidskraft. Men lite skjer for dei som "berre" ventar på konjunkturoppgang og eit arbeid. Folkebiblioteka og kultursektoren kunne gjere noko her. Men i den førre krisa, for ti år sidan, var eg på eit møte i Stavanger med folk frå kommunale kulturetatar. På spørsmål frå meg kunne ingen svare positivt at dei hadde tenkt på dei arbeidsledige. Det same gjeld nok i Sverige.

Sven Lindqvist er ikkje arbeidsledig. Han er i gang med ei ny bok. Han skriv i avisene og fer med foredrag i inn- og utland. Han blir karakterisert som ein av dei siste moralistane og didaktikarane. Det er slett ikkje alltid godt meint av dei som skriv det. Kritikarane meiner bodskapa hans er for tydelege. Men vi på vår side er opne for endå fleire tydelege bodskap om biblioteka i åra framover.

Anders Ericson